Informasjon og billettar: 
Tlf. 35 95 24 00/ 
      91 31 37 56

eller: myllarst@online.no
For bestilling av billetter, klikk på 
linken over eller ring 815 33 133.
Billettar kan også fåes hos posten.
 
Program sumaren 2005 
KNUT BUEN SUNDAG 5. JUNI KL. 1400

"Spela og sagt av spelemenn "
Knut Buen med hermur og slåttar etter Myllaren, Fykerud 'n ,Tjønnstaulen og mange fleire.

Spelemenn har kunna meir enn å lata høyra frå seg på hardingfela. I mange mannsaldrar har
spelemenn vore frilynde replikkunstnarar som har makta åsetja ord på ting og tankar. Gode slåttar og soger har det til sams at dei er runne av talande tankekraft. Lars Fykerud var ein einar. Men det er mange fleire som er udøyelege så lenge den gode soga og dei gode slåttane vert haldne i hevd. Ein kan berre nemne Jørgen Tjønnstaul.

Denne kulturarven er ein levande del av vår nasjonale identitet, og ved 100-årsjubileet for norsk sjølvstende må me ikkje gløyma dei som fyrst og fremst har halde vårt eige levande, til glede for samtid og ettertid. Men det som lever lengst er ikkje det sjølvhøgtidelege, men heller det som kallar på ein god latter. Det vert litt av kvart, men mest med glimt i auga ved Myllarstugo denne sundagen.

Ved dårlig vær: Norsjø Ferieland, murhuset.

Velkomen til årets opningskonsert!

Velkommen til den vakre stugo der Myllarguten vart fødd. Plassen har eit amfi med utsikt mot Norsjø ved Sauherad i Telemark. Høyr soga om og spelet etter Myllarguten. Gamle kulturtradisjonar som farging av garn, toving og anna blir vist fram. Ei unik mølle ligg ved bekken.